Norsk           

Planlegging
Planlegging
Detaljert planlegging og fine turopplevingar er vår merkevare.

Vossafjell AS

Vossafjell vart starta av Ingjerd Dymbe Anda, Lars Anda, Kåre Bere og Kristen Skjeldal i 2004. I 2010 har også Øyvind Birkeland og Jarle Trå blitt med på laget. Vossafjell tilbyr eit breitt spekter av fjellaktivitetar i det unike nærmiljøet vårt på Voss samt i Sogn og Hardanger.

Vossafjell er deleigar i Heritage Adventures, som er eit samarbeid mellom fleire bedrifter i området rundt Nærøyfjorden. Heritage Adventures tilbyr blant anna fotturane Nutshell med Vandring i Flåmsdalen og Vandring i Verdsarven.

Lokalkunnskap og detaljert planlegging er vår styrke, og det får du dra nytte av som kunde hjå oss. Enten du planlegg ein firmatur eller vil vera aktiv i din eigen ferie, vil me gjera vårt ytterste for at di oppleving i fjellet eller langs fjorden skal bli best mogeleg. Dette landskapet som me sjølve er så glade i, ønsker me at du skal få oppleva på den samme måten som me har gjort sidan vår barndom.

Tilbakemeldingar

"Fjellturen familien vår hadde på Voss var eit av høgdepunkta på turen til Europa. Vi skulle brukt meir tid på fjellvandring i Norge! Norge er vakkert!" Familie, California, USA

"Fjellturen i det spanande landskapet i landet dykkar ver ei oppleving for mannen min og meg. Vi kjem heilt sikkert tilbake!" Tyskland

"Å komma bort frå det hektiske bylivet i London for å gå i dei vakre og avstressande fjella på Voss kjendes godt. Eg kjem tilbake!" England

"Sjølv om regnet øste ned under heile fjellturen vår, greidde guidane å gjera dette til ei heilt spesiell oppleving. Deira kunnskap om natur og kultur, den gode servicen og ikkje minst den beste kaffien vi har smakt nokon sinne, sette vi stor pris på!" England

Facebook

Bli ven med oss på facebook og følg med på oppdateringar og siste nytt frå Vossafjell!