Norsk           

Nutshell med vandring

 

Eit høgdepunkt og "must" for alle som søkjer mektige opplevingar i det vestnorske fjord- og fjellandskapet!

På denne heildagsturen som er ein utvida og aktiv variant av den populære ”Nutshell”-turen, får du kombinert ei vandring i den idylliske Flåmsdalen med alle høgdepunkta som den tradisjonelle rundturen tilbyr.

Den guida turen startar på Voss, men god togkorrespondanse gjer også Bergen til eit aktuelt start- og sluttpunkt. Guiden vil då ta i mot gjester frå Bergen ved togankomst Voss.

 

 

 

Frå Voss går turen austover på Bergensbana og undervegs får du alle dei tradisjonelle høgdepunkta på "Nutshell"-turen, som togtur frå Voss til Myrdal og på Flåmsbana, fjorcruise frå Flåm til Gudvangen i Nærøyfjorden verdsarvområde og vidare den spektakulære Stalheimskleiva.
 
 
 
 
 
 
 
Vår tur inkluderer i tillegg dette:
  • Eigen kunnskapsrik lokalguide på heile rundturen
  • Vandring på 8-10 km i eit storslått fjell- og fjordlandskap 
  • Strandhogg i ei av grendene undervegs på fjordcruiset frå Flåm til Gudvangen
  • Eigen buss Gudvangen – Voss
  • Fotostopp på Stalheim Hotell
 
Turen kan kombinerast med eit opphald på Voss, Stalheim, Gudvangen eller Bergen.
Ta kontakt for eit tilbod med overnatting.

Detaljar

Varigheit: 9 timar frå Voss/ 11,5 frå Bergen

 
Frekvens: Dagleg frå 15. juni til 31. august
 
Avreisetid: Man - fre:  08.30 frå Voss/ 06.58 frå Bergen
Lør- søn:  09.07 frå Voss/ 07.58 frå Bergen
 
Vandredistanse og grad:  
Valfritt 8 eller 10  km, lett til moderat med bratt nedstigning i starten.
 
Startpunkt:
Voss eller Bergen
 
Utstyr: 
Stødige sko eller fjellsko,
vann og vindtett yttertøy og ryggsekk
 
Pris:
Kr 1200/ 750 frå Voss    
 
Kr 1500/ 900 frå Bergen
 
Familiepakke (2 +2):
Kr 3150 frå Voss
Kr 3900 frå Bergen
 
Tillegg:
Leige av bæremeis kr 50
 

Tilbake til turoversikt