Toppturar i Vossafjell
I Vossafjella har me eit rikt utval av fine toppturar i alle vanskegradar. Me har ein lang sesong og mange moglegheiter til å tilpassa turen etter gjeldande tilhøve. Våre guidar er lommekjende i Vossafjella og har mykje erfaring. Dette nyt du godt av som gjest på topptur med Vossafjell!
Me tilbyr topptur for grupper på minimum 4 personar og kan organisera både transport, overnatting og servering om det er ynskeleg.
Topptur er ein svært populær aktivitet for vennegjengar og grupper. Tilhøva i fjellet varierer heile tida og frå stad til stad, så det kan vera utfordrande å finna den beste turen for dei gjeldande tilhøva i fjellet. Våre guidar går toppturar i fjella på Voss sjølve heile vinteren, er godt kjende og vel den beste turen for ditt turfølgje.
Horndalsnuten er eit populært turmål. Den ligg på den flotte Raundalseggi. Avhengig av forholda kan ein gå opp frå ulike sider av fjellet. Ein typisk topptur startar med transport frå Voss kl 10.00 og har retur omlag kl 17.00. Horndalsnuten er eit av dei mange storslagne toppturfjella på Voss me kan organisera turar til. Det er ein vakker tur til toppen av Horndalsnuten og me har mange alternativ for nedkøyringa.
Du treng ikkje vera i storform for å vera med på topptur sidan me kan finna passande turar for deg og di gruppe. Det du må ha er toppturski med feller, skredsøkar, spade og søkestang. Du må også kunne bruke dette utstyret, men vegleiing om toppturar får du undervegs.
Ein typisk dagstur på ski kostar kr 900,- per person, men ta gjerne kontakt med oss for framlegg til turar og opplegg !