Norsk           

Halvdagstur

Vandring i Verdsarven

Ein perfekt tur for å koble av og få ny energi, kombinert med utvida kunnskap om Nærøyfjorden Verdsarvområde sin interessante histore, kultur og natur.

Turen som inkluderer to fjordcruise, ei 5,5 km lang guida vandring og pikniklunsj, har start og slutt i Gudvangen innerst i Nærøyfjorden. Her tek guiden vår imot deg enten du kjem med buss eller eigen bil. 

 

 

Detaljar

Vandring i Verdsarven

Varigheit: 5 timar

Frekvens: Dagleg 11. juni - 31. aug

Distanse: 5 km

Terreng: Lett

Pris: Kr 800,- / 400,-

Oppmøte: Gudvangen

Tillegg: Lunsj og båttransport inkludert

Halvdagstur

Fjelltur på Liaset

Utsikt mot VossLiaset er ein perfekte plass for å komma seg ein tur opp i frisk fjelluft. Ikkje berre får du oppleva ein storslagen utsikt over Vossebygda, men du kan også nyta den avslappa stemninga på ein støl. Sannsynlegvis går både sauer og kyr og beiter rundt den frodige stølen.

Turen er idéell for deg som vil ha ein lett tur på gode stiar. Vandringa når sitt høgdepunkt på Kolingseggi, nær 1000 meter over havet. Her oppe ventar eit vidt utsyn over Vossebygda og den mektige Lønahorgi.

 

Detaljar

Fjelltur på Liaset

Varigheit:  5 timar

Avgang: kl 1000 frå Voss Jernbanestasjon

Distanse 5 km / 250 meters stigning

Terreng: Lett / moderat

Prise: Kr 750,- (400,-) pp

Heildagstur

Horndalsnuten

Horndalsnuten er ikkje det høgaste fjellet på Voss, men det er likevel på mange måtar det største. Toppen gjer deg eit fantastisk utsyn over Vossabygda, Vangsvatnet og dalane ikring.

Toppturen til Horndalsnuten er meir enn ein slitsom motbakke. I roleg tempo vandrar me gjennom stølslandskap på gode stiar. Lenger oppe møter høgfjellet oss med tilhøyrande utsikt. På toppen ventar synet av Vossebygda, Hardanger og fleire av dei største isbreane i Noreg. Dersom vêret er godt kan me faktisk sjå mange av 2000-meters toppane i Jotunheimen.

 

 Detaljar

Horndalsnuten

Varigheit: 7 timar

Distanse: 17 km / 1000 høgdemeter

Terreng: Moderat til krevande

Lang heildagstur

Raundalseggi

Raundalseggi er ein lang høgfjellsrygg som er ein populær ryggtravers både sommar og vinter. Den går over 4 av dei høgaste toppane på Voss. Raundalseggi er Voss sitt svar på Besseggen!

 

 

 

 

 

 

 Detaljar

Raundalseggi

Varigheit: 10 timar

Distanse: 22 km / 1800 høgdemeter

Terreng: Krevande

Heildags rundtur

Nushell med vandring

Vandring i FlåmsdalenEit høgdepunkt og "must" for alle som søkjer mektige opplevingar i det vestnorske fjord- og fjellandskapet! 

På denne heildagsturen som er ein utvida og aktiv variant av den populære ”Nutshell”-turen, får du kombinert ei vandring i den idylliske Flåmsdalen med alle høgdepunkta som den tradisjonelle rundturen tilbyr.

Denne guida turen startar på Voss, men god togkorrespondanse gjer også Bergen til eit akutelt start- og sluttpunkt. Guiden vil då ta imot gjester frå Bergen ved togankomst Voss.

 

Detaljar

Nushell med vandring

Varigheit: 9 timar (inkl. transport frå/til Voss)

Frekvens: Dagleg 1. juni - 31. aug.

Distanse: 10 km vandring

Terreng: Lett

Pris: Kr 1150,- / 800,- (frå Voss)

Oppmøte: Voss

Tillegg: All transport og vandreguide  inkludert

4-dagarstur

Den store fjordturen

Utsikt Breiskredsnosi - Den Store FjordturenDette er turen der høgdepunkta står i kø og du verkeleg får kjenna vestlandsnaturen på kroppen.

Fleire gonger er dei norske fjordane kåra til verdas flottaste reisemål av National Geographic. Kva er betre enn å tilbringa 4 dagar på vandring i dette fantastiske landskapet, med overnattingar på fjellgard og støl.

Les meir om denne turen.

 

Detaljar

Den store fjordturen

Varigheit: 4 dagar

Frekvens: Sjå produktside for datoar

Distanse: Omlag 15 km per dag

Terreng: Krevande

Pris: Kr 7900,-

Oppmøte: Voss

Tillegg: Alt inkludert

 Halv-, heil- eller freire dagar

Bestillingsturar

Mange av Vossafjell sine oppdrag er på bestilling. Private turar kan vera basert på ein av våre programfesta turar, eller heilt etter ditt eige ønske. Me kan skreddarsy ein tur for ei gruppe, familie eller vennegjeng.

 

 

Detaljar

Bestillingsturar

Ta kontakt så syr me saman eit opplegg spesielt tilpassa dine behov.