Bakkanosi er det steile fjellet som reiser seg nær 1400 meter over bygda Bakka ved Nærøyfjorden. Frå Jordalen er dette ein fin tur med fjellski på seinvinteren.

Kva er vel betre enn å bruka ein vinterlaurdag på skitur i fred og ro i den vakre Vestlandsnaturen? Vår tur til Bakkanosi gjer deg nettopp det.

Turen startar med at guiden plukkar deg opp på avtalt stad før bilturen til Jordalen. Ein biltur opp i Jordalen er ei oppleving i seg sjølv og vinterstid er det nærast eit krav å ha 4 hjuls drift for å køyra opp i dalen. Den første bakken på skituren er den brattaste. Langs ein svingete traktorveg tek me oss opp i Slettedalen som er slett og perfekt for fjellski. Etter nokre kilometer i Slettedalen får me på ny ei stigning før me er oppe på fjellplatået. Frå toppen kan me (dersom vêret tillet) nyta den fantastikse utsikta mot Nærøyfjorden, Breiskredsnosi og ned til bygda Bakka.

Dette er ein perfekt tur for deg som ønsker å få noko ekstra ut av din weekend. Du bør vera istand til å gå ein fjellskitur på nokre timar og takkla ei stigning på 900 høgdemeter. Det er ideellt å bruka fjellski med halvfeller men det går veldig greit med både skismurning, smørefrieski og heilfeller. Den lengste og brattaste stigninga går på traktorveg og vidare går me for det meste i relativt slakt terreng. Me gjer oss god tid til å nyta turen og mat undervegs. Av praktiske årsakar lyt du ta med din eigen lunch men guiden tek med rikeleg med varm drikke så ein kopp vil vera god å ha.

Vêret på Vestlandet er som kjennd variabelt. Dersom forholda tilseier at turen ikkje kan gjennomførast gjer me 100% refusjon. Avgjersla om turen går vert teken kvelden før.

Ta kontakt om du vil bestilla denne turen for grupper eventuellt på eigne datoar.