Raundalseggi er ein lang høgfjellsrygg som er ein populær ryggtravers både sommar og vinter. Raundalseggi er Voss sitt svar på Besseggen!

Men du treng ikkje vera redd sjølv om du har høgdeskrekk, den er ikkje like skarp og utsatt som den meir berømte Besseggen. Raundalseggi består av fire av dei høgaste toppane på Voss, og ryggane mellom dei. Flotte utsiktspunkt kjem på rekke og rad heile vegen. Mange høgdemeter opp og ned, men desto større tilfredsheit når turen er fullført.