Ein perfekt tur for å koble av og få ny energi, kombinert med utvida kunnskap om Nærøyfjorden Verdsarvområde sin interessante histore, kultur og natur.

Turen som inkluderer to fjordcruise, ei 5,5 km lang guida vandring og pikniklunsj, har start og slutt i Gudvangen innerst i Nærøyfjorden. Her tek guiden vår imot deg enten du kjem med buss eller eigen bil.

Etter eit kort fjordcruise, startar vandringa på den idylliske og historisk interessante Kongevegen frå midten av 1600-talet. Vandringa går langs fjorden i eit mektig landskap omkransa av høge snøkledde fjell og brusande fossefall. Den passerer både frodige lauvskogar og gamle slåtteteigar

På vår veg kan me frå tid til anna sjå både sel, nise, ørn, tjeld og hegre m.m. Undervegs på turen inntar me ein god lunsj nede ved fjorden før me går vidare til garden Styvi. Her endar både den kongelege postvegen og vandringa vår. No tek me fatt på det siste fjordcruiset tilbake til Gudvangen der turen sluttar.

Sjølv om turen startar og sluttar i Gudvangen er det god korrespondanse både frå Flåm, Stalheim, Voss, Bergen og Hardanger.

Gje oss gjerne beskjed om du kjem med buss frå Voss slik at båten ventar til bussen er framme.

Turen kan også kombinerast med eit opphald på Voss, Stalheim, Gudvangen eller i Bergen.

Ta kontakt for eit tilbod med overnatting!